Eg finn den gode råsa i utfordrande design- og produksjonsprosessar.

RÅS er meg, John Haddal Mork. Her kjem kanskje ei fancyspancy nettside etterkvart. Men har du ei designutfordring? Eller kanskje har du eit design, men er usikker på korleis det skal produserast? Kanskje har du allereie ein produksjon, men du brukar for lang tid på prosjektering? Skal det byggast i tre, eller produserast med digitale verkty?

Her kan eg bidra! Ved hjelp av 3D-modellering, parametrisk modellering, snekring og kompetanse på ei rekke CNC-teknologiar, kan eg bidra til å utvikle ein god prosess, ei god rås, frå ditt problem til eit ferdig resultat.

Ta kontakt!
✉ John@rås.no
✆ 48037099
✶ PirCowork/ Ålesund